tirsdag 28. juni 2016

Sjølvdyrking

Til neste år planlegges det drivhus i hagen vår.
Min mann har alltid ynskjet sjølvdyrka tomater og agurk.
Tenkje det er spanande å sjå frøa veks for kvardag som går.
Eg har difor gått til innkjøp av ei agurkplante for å øve litt,sjå om
eg suns dette kan vara noko for meg. Dei eg bur ilag med
er ikkje heilt overbevist om at eg klara å halda liv den,men eg skal gjera
mitt beste for at den skal overleve somaren.



Igår køyrde eg ungdommen i hus til flyplassen på Sola.
Han skal ut på nye eventyr til USA,kjenn eg 
er litt misunnleg. Eg benytt sjansen når han er på tur
til å oppgradere eller friske opp rommet hans,så idag blir
det litt planlegging.

Flott vær på vestlandet idag,nyt det!

Siv Mette


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for besøket<3